Bente og Ann Elisabeth takkar bygdefolket!

Ei kapitalutviding på tilsaman kr 800.000,- syner eit fantastisk engasjement frå bygda og ei stor tillitserklæring til oss som skal drive butikken vidare.

Vi er audmjuke i høve den oppgåva som ligg framfor oss – vi kan ikkje love anna enn å gjere vårt aller beste.

Resultatet frå kapitalutvidinga:

• Innbetalt kr 580.000,- i B-aksjar fordelt på 90 aksjonærar som teikna 116 aksjar
• Innbetalt kr. 200.000,- i A-aksjar fordelt på 2 aksjonærar
• Innbetalt kr. 20.000,- i gåver fordelt på 9 personar

Vi er veldig takksame overfor bygda og håpar de blir nøgde med det butikktilbodet vi klarar å skape.

Bente og Ann Elisabeth

Vist 180 gonger. Følgt av 1 person.
Annonse

Nye bilder