Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Sognatreff og Fjordaglimt (onsdag 17. mars 2010). Les mer om roperten…
Fredag 26. november klokka 11 er det slutt på bompengeinnkrevjing i Fjærland.
Styret for AS Fjærlandsvegen har vedteke at 26.11.2010 er sluttdato for innkrevjing av bompengar ved Fjærland bomstasjon.
– Det vert då overrekt blomar til den siste som betaler og til den første som køyrer gratis klokka 11.00, fortel styreleiar Kåre Lerum til Sogn Avis.
Kunne vore dyrare
Avviklinga skjer åtte månadar etter at bomstasjonen mellom Førde og Florø blir avvikla. Bomstasjonen i Fjærland vart oppretta i 1994 og har sidan vore omstridd som ein av dei dyraste i landet. I dag kostar det 180 kroner å passere med ein personbil.
- Vi har hatt tru på prosjektet, og ikkje utnytta all bompengeauken vi kunne brukt etter retningslinene vi fekk frå Samferdsledepartementet. Opningsåret anslo vi prisen til å vere oppe i 200 kroner, fortel Lerum til NRK Sogn og Fjordane.
Eitt år før tida
- Heldigvis kom vi ikkje så høgt. No vonar vi at alle trafikkantar er nøgde med at stasjonen blir avvikla. Vi i styret er i alle fall veldig nøgde, legg Lerum til.
At bomstasjonen stengjer i år, er nær eitt år før tida. Etter konsesjonen fekk Fjærlandsvegen AS løyve til å drive i 17 år, men mogelegheit for å søkje om ytterlegare fem års drift.
God auke
Kor mange bilar som har passert gjennom stasjonen sidan starten i 1994 kan ikkje Lerum fortelje på ståande fot, men han fortel om jamn auke. Auken blir ikkje mindre når bomstasjonen er historie.
- Berre 28. februar registrerte vi ein auke på ni prosent for dei to første månadane, samanlikna med same periode i fjor. Eg hadde aldri trudd at det gjekk an, seier han til NRK Sogn og Fjordane.
I tillegg til markeringa ved Fjærland bomstasjon vert det denne dagen aksjonærlunsj, fakkeltog frå rundkøyringa i Øyane via Sentrumsparken med lystenning av julegrana på plassen framfor Kulturhuset og til slutt kulturshow i Sogndal kulturhus.
Kommentarar
Det er bra,då kann vi reise så ofte som vi vil på kampinghytta vår så som vi ønsker,uten å måtta betale “nesten” heile skjorta.
http://www.sognavis.no/lokale_nyhende/article5032115.ece