Nye bilder

Fjærland sogelag

Årsmøte i sogelaget onsdag 08. februar, kl. 19:30 i Bedehuset.

Årsmøtesaker.

Elektrisk ringing i Fjærland kyrkje

I veke 5 vil det bli montert elektrisk ringing i kyrkja. Anlegget må sjølvsagt testast under og etter montering, så skulle du høyra klokkeklang utan å skjøna kvifor, er det nok berre testinga du høyrer.

Motorsagkurs 19.-21. mars

Her er bilete frå kurs i rydding av vindfelt skog 6/1

Kurs i bruk og stell av motorsag vert halde 19., 20. og 21. mars i Fjærland. Kurset er på 14 timar og går over 2 dagar. Den 19. vert det stell av motorsag, avgrensa opp til 14 personar. På neste del, bruk av motorsaga, vert det opp til 7 personar kvar av dagane 20. og 21.

Resultat frå 2.Karusellrenn

Fredag den 20/1 var det skirenn i lysløypa. Desse var med å gjekk.

Trimklassen:

Minner om årsmøtet i hjelpekorpset.

Fjærland Røde kors held årsmøte i bygdahuset.

Torsdag 26.januar 2012 klokka 20.00

Såg du nordlyset?

Natt til mandag kunne ein sjå nordlys over store delar av landet. Ca kl 00.30 natt til mandag tok eg eit par bilete i det nordlyset komme til syne over breen.

Nordlyset skuldast ein eksplosjon på sola tidlegare i veka, ein såkalla “coronal mass ejection” (CME), der sola kastar ein enorm skur med partiklar ut i rommet.

Tek over drifta av Fjordstuen

Bård Huseby tek no over drifta av Fjærland Fjordstue.

Han har tidligare jobba som hotelldirektør på Tørvis Hotell i Marifjøra.

Hissig mann kasta av bussen i Fjærland

På busshaldeplassen i Fjærland vart ein hissig mann kasta av ekspressbussen

Nattbussen frå Oslo til Førde vart ein time forseinka etter at ein vanskeleg busspassasjer hindra bussen i å køyre vidare.

Kino i Fjærland onsdag 18.01.2012

Kino i Fjærland bygdahus onsdag 18.01.2012 kl 18 og kl 20.

Desse filmane går:

Oversikt over skirenn i 2012

No er skisesongen i full gang. Det berre å finne fram ski, stavar og smørning. Løypene ligg klar å venta på deg.

Her er skirennplanen for 2012:

Karusellrenn:

Denne fauk éin km gjennom lufta

Denne takplata på 10 kvadratmeter fauk rundt ein kilometer gjennom lufta under stormen natt til 2. juledag.

Den bles av ein låve på Skeide i Fjærland, og landa på Bøyum etter først å ha vore innom eit par andre tun før den landa i ei innkøyrsle på Bøyum.

Fugletårnet knust til pinneved av Dagmar

Fuglekikkartårnet ved våtmarksområdet Bøyaøyri i Fjærland ligg knust. Natt til 2. juledag måtte det gje tapt for stormen.

- Uff, dette visste eg ikkje. Det var trist å høyre, seier Anne Rudsengen i Statens Naturoppsyn (SNO).

Uværsbilete etter dagmar

Her er nokre bilete frå øydeleggingane etter dagmar.

Sjå biletserien her:

Biletserie med 13 bilete bla med å trykkje på pilene

Desse gjekk årets fyrste karusellrenn

Totalt var det 47 deltakarar på det første karusellrennet som gjekk av stabelen i Mundal 8/1.

Desse gjekk på trim

1. karusellrennet er 8/1

Årets første karusellrenn vert i fagre Mundal, søndag 8. januar.

Start: trim 15.00

Fyrstehjelpskurs i Fjærland.

Kven er den viktigaste til å hindra at ein person med akutt skade eller sjukdom vert verre eller i verste fall døyr? Tja, det kan vel variera noko med situasjonen, men det er sjeldan doktaren på sjukehuset ein time eller meir unna eller ambulansepersonalet som kjem så fort dei kan. Dei er viktige, men den viktigaste er nesten alltid ein familiemedlem, ven, kollega eller granne. Når uhellet er ute er det sekundane og minuttane som tel, og om den skadde er så heldig å ha ein fyrstehjelpskunning nær kan det vera det som bergar liv. Er DU den fyrstehjelpskunnige som er i stand til å berga liv? Eller er det lengje sidan du fekk undervisning i fyrstehjelp slik at du er utrygg på om du minnest det du lærde?

No har du i alle høve sjansen til å verta ein som kan gjera ein skildnad. Fjærland Raude Kross hjelpekorps skipar til Norsk grunnkurs fyrstehjelp og grunnkurs i bruk av hjartestartar i bygdahuset på Skarestad laurdag 21. januar.

Kurs i rydding av vindfelt skog?

Ifylgje Skogeigarlaget skal det vere kurs om skogrydding og orientering om eventuelle tilskotsordningar i samband med skogskadar etter Dagmar. Kl 10 på Bygdahuset(?) i morgon, fredag 6.1. Nokon som veit noko om dette og kan legge inn litt info her på origo-Fjærland?

Årsmøte i Fjærland Røde kors

Fjærland Røde kors held årsmøte i bygdahuset.

Torsdag 26.januar 2012 klokka 20.00

Nyttårsball!

Det blir nyttårsball i bygdahuset

Extremværsøppel og ryddedugnad torsdag 29. des

I mårra torsdag 29. desember kjem det ein konteiner som blir plasert ved gamlemeieriet på bøyande (ved bedahuset/bussgarasjen). Denne er tiltenkt plater, bølgeblekk, rusk og rask som ligg strødd utover bøane i bygda. Konteineren blir ståande til over nyttår.

I mårra vil det bli ein felles ryddedugnad rundt i bygda. Då reiser ein rundt å samlar inn søppelet som har komme i vinden før det fryser fast eller snøar ned.

Takk til bygdefolket

Sognekraft, leiaren i bygdautvalet Hans Haugen og ordførar Jarle Aavoll vil takke bygdefoket for ein kjempegod innsats med rydding av skog langs linjenettet i Fjærland.

Hadde ikkje så mange bygdefolk stilla opp for å hjelpe ville ikkje straumen ha komme attende i Fjærland før 1-2 dagar seinare enn kva den gjorde fortel Hans Haugen. Han legg også til at Fjærland var hardast ramma i Sogndal Kommune.

Årsmøte i skyttarlaget

Fjærland skyttarlag skipar til årsmøte fredag den 13. januar kl 20.30 på miniatyrbana i bygdahuset på Skarestad.

Utdeling av premiar og elles vanlege årsmøtesaker.

Juleball

Fredag 16. desember vert det juleball i bygdahuset på Skarestad.

Det byrjar kl. 19.00 for alle frå 1. klasse. Etter kl. 21.00 og til midnatt er det berre for 5. klasse og eldre.

Fjærland

Følgt av 185 medlemmar.

Velkommen til Fjærland-sona på Origo. Her kan du leggje inn bilete, nyhende og diskutere ting om Fjærland.


Sjå vegkamera i Bøyadalen ved å trykke her


Har du tips eller lurer på noko? Kontakt:
Gaute Dvergsdal Bøyum,
6848 Fjærland
Tlf. 91616748
E-post: gauteboyum@gmail.com

No kan du også følgje Fjærland på Facebook:

Meir om sona

Origo Fjærland er ei sone på Origo. Les meir
Annonse